Verdens beste helg.
Forrige helg var me å bevitna Fylkesårsmøtet til Hordaland Senterparti på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli i Bergen. Omlag 150 deltakarar hadde satt av både fredagen og lørdagen til dette møtet som blant anna inneholdt generaldebatt, litt tårer, organisering, uttalebehandling, arbeidsplan, rekneskap, to ministere og felles middag.
Men korleis kan et møte, med overnevnte innhold, på ca 12 timer fordelt over to dager bidra til å gjere dette til verdens beste helg?
No skal du høyra.
Først og fremst er me svært politisk engasjert. Og hadde notert oss ein del punkt og interpellasjoner på forhånd. Blant anna hadde me hatt diverse møter med grasrota for å høyra deiras syn på klima og landbruk som me kunne ta med vidare på møtet.
….Ja. Liksom.
Me var der sjølvsagt i kraft av å gjere ein jobb. Ikkje for å diskutere politikk. Men for å streame årsmøtet i Senterpartiets kanaler. Og uten å skryte så er me faktisk ganske gode til å streame. Me bruker ferdighetene til det me kan, og blander oss ikkje inn i det som me ikkje har greie på. Som politikk.
Derfor overlot me innholdet til dei som styrte ordet og dei som gjekk på talarstolen. Vår jobb var å kringkaste dette, slik at dei som ikkje hadde muligheten til å være tilstades kunne følge møtet fra sin Mac, PC, iPad, telefon eller TV.
Lokasjonen
Hotellet me var på, Quality Hotel Edvard Grieg, er et kurs og konferansehotell. Og dei levde virkelig opp til den betegnelsen. Alt var lina opp og tilrettelagt for både dei som var i salen og infrastruktur for å kunne skape ei god sending. Terningkast 6!
Underteikna og Gabriel Skjulhaug Yttri, Organisasjonssekretær i Vestland Senterparti, rigga oss opp bakerst i lokalet med god plass til å sette opp utstyret vårt. Derifrå hadde me god oversikt over det som rørte seg i lokalet. Rolla til Gabriel var å styre PowerPoint og GoPlenum på storskjerm i salen, samt assistere ved praktiske spørsmål ved arrangementet. I tillegg var han svært hjelpsom og imøtekomande på alle spørsmål underteikna måtte ha. Sidan han kontrollerte køyreplanen var det praktisk å sitte så nærme for å kunne planlegge framdrifta.
Nese Media sin jobb var å streame arrangementet til Senterpartiet Hordaland si Facebookside.
Oppsett
For å få det til brukte me 3 kameraer. Et kamera som statisk var retta mot talarstolen og to kameraer som me kunne kontrollere via ein joystick. På den måten kunne me skape nye og fleire vinkler på ein dynamisk måte - noko som gjorde sendinga meir spennande. Et av desse kamera stod bak/på sida av scena. Slik at me også kunne variere sendinga med å filme publikum i salen.
Dei to kamera som stod bak i lokalet med oss, stod plassert ca 25-30 meter fra talarstolen. Takka væra kvaliteten til dette utstyret, kunne me plassere det uforstyrra og usjenert for deltakarane, men samtidig gi inntrykk av at kameraene stod nært plassert. På grunn av lang optisk zoom (er ikkje så begeistra for digital zoom. Det blir juks og dårlige bilder..).
Me bruker ein teknologi som heiter NDI. Den store fordelen her er at alle kameraene kobles sammen som et eget nettverk via nettverkskabel. Ein kabel til kvart kamera frå ein svitsj. Denne svitsjen leverer også straum via netteverkskablene til kameraene. På den måten kan ein ha streamen gåande i mange timer uten å være redd for å gå tom for straum på batterier eller trekke egne straumkabler til kvart kamera.
Det er veldig praktisk med tanke på oppsett, slik at ein kan plassere kameraene der dei får dei beste bildene uten å måtte være i umiddelbar nærhet til eget strømuttak. Det holder med ein lang nettverkskabel og litt gaffateip for at folk ikkje skal snuble i ledningen.
I tillegg - så slepper ein fleire kabler som HDMI eller SDI kabler. Siden samme kabel også leverer bilde og lyd - opptil 4K. Egentlig heilt fantastisk når ein tenker seg om.
Ein setter i praksis opp et eget internt nettverk som ein har full kontroll på sjølv, uten å måtte dele nettet med andre i rommet.
Lyden blei også meget bra. Sidan hotellet har lagt til rette for slike møter hadde dei også ein egen lydmikser. Lyden som derfor blei kringkasta i lokalet kunne me då hente frå miksaren og legge den ut på streamen. På den måten unngjekk me ekko-effekt som me kunne fått om me hadde brukt egne mikrofoner til sjølve streamen, som då ville fanga opp lyden fra høgtalarane i lokalet. Perfekt!
Fredagen var ein parademarsj av godt teknisk og taktisk utført arbeid. Hotellet sørga for at utstyret kunne stå trygt plassert til neste dag. Kun Mac'en blei tatt med på hotellrommet etterpå.
Dag to
På lørdagen starta møtet allerede 0830. Stå-opp-tider underteikna trudde han var ferdig med som "sjølvstendig næringsdrivande"...
Uansett. Det betydde at underteikna måtte opp tidlig for å teste utstyret, for å sikre seg at alt var ok til start. Tilsynelatande var alt ok. Men det blei oppdaga ein flaskehals i nettet underveis i starten.
Flaskehalsen gjorde at bildene frå to av tre kameraer ikkje var optimale. Dette understreker igjen mantraet om at ein må sikre seg på fleire måter når ein streamer. Ein får ikkje fleire sjanser enn den eine. Sidan me hadde et kamera som var operativt kunne me derfor bruke tid på å feilsøke dei to andre samtidig. Og for dei spesielt interesserte: Årsaken var at maskina hadde påslått Wifi etter at maskina blei tatt med opp på hotellrommet kvelden før. Og kombinasjonen av Wifi og ein treig router når det er så store datamengder som går gjennom nettet er ikkje bra…Ved å skru på ein bryter kom alt på plass igjen.
"Bagateller" kan velte store lass. Ein må være sikker på at nettet får alle nødvendige ressurser som den skal ha for å kunne frakte data fram og tilbake, i høg hastighet.
Heldigvis spelte erfaringa på lag, slik at me fann denne proppen ganske kjapt, samtidig som me på forhånd hadde sikra oss med et kamera som hadde nedskalert oppløsninga, og derfor klarte levere gode bilder til tross for ein småsur wifi-router.
Det blei sjølvsagt bestilt ein ny og bedre router seinare på kvelden - for nok ein gong kunne eliminere slike potensielle feilkilder i framtida.
Når eg no har skrytt av hotellet, har eg ikkje nevnt sjølve prikken over i’en på kor godt alt låg til rette for et slik arrangement.
Nese Media har jo streama ein del konserter og seremonier i kyrkjer siste åra. Og eg slår neppe inn åpne dører når eg påstår at kyrkjer har ein litt anna utforming enn konferansehotell. Det er trapper, trangt og ofte dårlig vær når ein skal bære inn og ut.
På Quality Hotel Edvard Grieg kunne ein rygge inn ein garasjeport, ta ALT ustyret over på ei gigantisk tralle og trille den inn i konferansesalen.
Det kom ei lita tåre i augekroken då.
Vil du også ha tåre i din augekrok anbefaler me deg å ta kontakt med oss neste gong du vil kringkaste eller gjere opptak av et arrangement. Både lite og stort. Test ut priskalkulatoren under for å få et estimat på pris til streaming av ditt arrangement.
PS: Ein stor takk til Gabriel Yttri og Torunn Flatjord i Senterpartiet for glimrande planlegging og utførelse.
