Slottet i Modalen
Lavterskel-"Preikestol"

Slottet i Modalen er ein veldig populær turistdestinasjon. Og ikkje uten grunn. Det er ein spektakulær opplevelse å stå på toppen av klippa som stuper 200 meter rett ned på fylkesveg 569. Og det beste av alt? Det tar kun 20 minutter opp om du "tar deg ut".
Men det er faktisk ingen grunn til å stresse. Stien frå vegen og opp til toppen er slak og lett. Du skal være rimelig mett av dage om du heller ønsker deg tilbake til godstolen og siste episode av Kardashian's om det kjem ei svetteperle eller to når du spankulere utover den godt oppmerka stien.
4-5 minutt før du når toppen får du Slotts-formasjonen i perspektiv. Her passer det fint med å ta et par bilder før siste etappe.
200 meter skal du ikkje kimse av. Fylkesvegen rett under indikerer også at det skal godt gjerast å gå seg vill på ferden utover frå parkeringsplassen.

Du bør ha i mente at det neppe blir meir tur om du dett utfor kanten når du er på toppen.
Hold deg og følge ditt på trygg avstand til kanten.
Dette er ein tur som egner seg godt for heile familien. Ut.no gir den gradering Enkel i sin omtale - og anbefaler den spesielt for dei som vil på hengekøyetur.
Turen er 1,3 kilometer frå parkeringsplassen. Om du tar turen i normalt tempo med barn kan du rekna ein times tid.
Dei innfødte i Modalen bruker blant anna Slottet til å ta fine 40 (og raske) poeng i Trimpoeng-appen.
Når poenga er sjekka inn på Trimpoeng-appen treng du heller ikkje bekymre deg for dårlige knær på vegen ned. Det går jevnt - både opp og ned over myr og fin sti.
Visste du forresten at turen er ein av mange turar som har nøyaktig like mykje oppover som nedoverbakker(!)?
Her kan du sjå full gjennomgang av turen og all info du treng for å gjennomføre den.
Vurdering:
Underteikna har gått denne turen ein god del gonger dei siste åra. Og den er perfekt å gå ein ettermiddag/kveld samtidig som ein lytter til ein halvlang podcast.

Me gir Slottet terningkast 6 i vår vurdering av turmål i Modalen/Eksingedalen. Den får toppkarakter sidan den er enkel, rask og samtidig spektakulær.
Sørg for å ha sko som tåler litt fuktig myr før du legg ut på tur.
Kva meiner du om Slottet?