Offisiell åpning av Flodmaal

Mandag 23. mai var ein merkedag i Modalen då det nye service -og tenestesenteret, Flodmaal, blei offisielt åpna - med ei høgtidelig markering i det nye bygget.

Modalen kommune inviterte alle innbyggjarane til fest i det praktfulle bygget som stod innflyttingsklart i desember i fjor. Sidan bygget fortjente den beste åpninga blei innflyttingsfesten forskyvd til både bygg og uteområdet var presentabelt frå si beste side. Til og med regnet klarte ikkje la denne anledningen gå fra seg.

Men godt utstyr skal stå under tak. Og under taket var det ingenting anna enn champagne, brusen og kaffien som var våt. I kompaniskap med to store marsipankaker og anna snacks, var bordet dekka til fest for alle som tok turen innom denne ettermiddagen.

Songar, Kjersti Wiik åpna ballet med ei kvae. Deretter fulgte ordførar Kjetil Eikefet opp med dagens første tale.

-Det er ein gledens dag å no endelig kunna sjå at prosjektet er i havn, innleda ordførar Kjetil Eikefet talen sin med.

-Heilt sidan 2010 har det vore snakk om dette prosjektet. Og ting kan ta tid når det er store politiske prosessar. Men at det har tatt tid tenkjer eg har vore bra, sa han.

Han sa også at det at prosjektet faktisk har tatt tid - har gjort at bygget er blitt så bra som det er. -At ein har tatt seg tid til å belysa dei spørsmål og utfordringane som har dukka opp underveis har vore viktig med tanke på bygget sin funksjonalitet og byggekostnader, sa han.

-Folk har stått på for gjennomføring. Arkitektane har brukt tid i nærmilljæet for inspirasjon og materiale til bygget.

Men om ordføraren kunne unna seg ein ting å setta fingeren på, så var det lydisoleringa i bygget.

-Lyddempinga er alt for god. Det er komplett umulig å kunne høyre kva folk prater om på gangen utanfor kontoret mitt, sa han, til humring frå publikum.

Bygget har vore i bruk sidan årsskiftet. Modalen kommune, Uni Micro, Mobile Worker og Kyrkjekontoret er inne.

-Folk verkar fornøgd. Aktiviteten er på veg opp både på ettermiddag og kveld også. Det betyr at bygget er begynt å spela rolla den er tiltenkt, slå ordføraren fast.

I tillegg til å væra imponert over både aktivitetsnivået og arkitektane som har stått for planlegging og utforming, lot ordføraren det skinna gjennom at entreprenør og håndtverkarar har gjort ein fantastisk bra jobb og at dei skal være stolte av jobben dei har gjort.

Ordførar Kjetil Eikefet holdt åpningstale framfor ein fullsett foajè.

Med god hjelp frå Olander, fekk ordføraren klyppa snora og erklæra Flodmaal for åpna.

Etterpå holdt barnehagen og SFO konsert der dei framførte "Male himlen blå" og "Skal vi være venner".

-Det er ikkje et rådhus

Arkitektane bak bygget, Kjell Beite og Grethe Jarmund, sa i sine taler etter snorklyppinga at det ikkje kun er arkitektane som skal ha ros for bygget. Og peikte i samme retning som Kjetil då han skrytte av entreprenør og håndtverkarane.

Deretter fortalte dei litt om prosessen. Dei søkte på ei utlysing som kommunen hadde lyst ut. Bygget var lyst ut som et "Rådhus" i utlysingsportalen. Men i møtet med Modalen fekk dei klar beskjed: -Nei, det er ikkje et "rådhus", sa Knut Moe og Tone Selmer Skuggevik i 2015 etter at dei møttes. -Det skulle være enkelt, og samtidig ikkje koste noko, sa Kjell Beite.

Inspirert av Sognafloren

-Det som er viktig når ein tegner "rådhus" er å ha ein velkomst og ein samlande stort rom. Men her skulle ein ha det store rommet som ein festsal. Idèen er stjelt frå et anna bygg i bygda, kunne Beite avsløra.

-Bygget er inspirert av Sognafloren til Sigrun Dale, sa Beite og peika på trappa og utsikten ein har mot Mofjorden.

-Tusen takk Sigrun. Innertier, sa arkitekt Grethe Jarmund.

Visste ikkje så mykje om Modalen

Dei kunne også avsløra at dei ikkje visste så mykje om Modalen når dei såg utlysninga. Men at dei blei veldig sjarmert av "Liten kommune, stor kraft"-filmen når dei Googla Modalen kommune.

-Prosjektet har endra seg veldig underveis. Tidlegare ordfører Knut Moe sin visjon synes å være realisert, sa arkitekt Grethe Jarmund. -Spesielt etter at hjørnesteinsbedrifta Uni Micro meldte seg på etter at anbudskonkurransen var i gang. Kombinasjon av offentlig og privat virksomhet virker det som ein har fått til.

Mykje velfortjent ros til teknisk sjef, Tone Selmer Skuggevik

Ei som blei trukke fram som ein nøkkelperson i prosjektet var Tone Selmer Skuggevik. Teknisk sjef i Modalen kommune.

-Eg trur ikkje prosjektet hadde latt seg realisere uten deg Tone, sa Grethe Jarmund i talen sin. -Aldri har det vore så mykje arkitektkompetanse. Og du er ein sjelden kombinasjon av å væra ein teknisk byråkrat med kvalitetssans, arkitektfaglig kompetanse og i tillegg ha evne til å lytte og formidle, skrytte ho. -All hjertens takk for at du har vore vår oppdragsgjevar.

Fleire å takke

Dei trekker også fram Kjell Langeland, ingeniør i Modalen kommune. -Du har vore ein garantist for at prosjektet oppfyller alle formelle krav. Ferdigattest er allerede i boks. Og samarbeidet mellom deg og Ruth Farnes har vore fantastisk.

I tillegg får Steinar Barmen, Jo Tømmerbakke og totalentreprenør Lars Jønnsons prosjektleder, Håvard Nygård passet påskrive. I positiv forstand.

-Samarbeid er alfa omega. Landskapsarkitekt Arne Smedsvik har utforma omgivelsane. Interiørarkitekt Kari Andersen har sammen med Tone hatt ansvar for interiøret, sa Grethe Jarmund.

Som i Barcelona

Kjell Beite avslutter med å minnast korleis det gamle bygget på Mo var. -Det var veldig mørkt og dystert. Når me kom her i går såg me ein lysande fasade. Det var som å koma til ein tettstad. De har fått ein "Rambla" som i Barcelona.

Arne Smedsvig, landskapsarkitekt - Kjell Beite, arkitekt, Ruth Farnes, HRTB Arkitekter og Kari Cecilie Andersen, interiørarkitekt og Grethe Jarmund, arkitekt - alle får takk og blomst frå Kjetil Eikefet.

Tone Selmer Skuggevik har fått blomst av ordføraren. Alf Børge Larsen og Kjell Langeland i bakgrunn. Håvard Nygard har også nevane fulle i blomster

Ingeniør Kjell Langeland fekk som fortjent ein bukett.

Prosjektleiarens tale

Etter talane til arkitektane fekk prosjektleiar (og arkitekt), Steinar Barmen i Forum Arkitekter takka for oppdraget. Han blei leigd inn som prosjektleiar av Modalen kommune.

-Det gamle bygget var et trist bygg, sa han. Og meiner no at det nye bygget er bygda verdig.

Prosjektleiar Barmen trakk fram Tone Selmer Skuggevik og Håvard Nygard i sin tale

Prosjektleiar Barmen trakk fram Tone Selmer Skuggevik og Håvard Nygard i sin tale

Han trakk også fram samarbeidet. Og den korte vegen mellom beslutningstakarane. -Det har vore ein fryd å samarbeida med deko alle. Eg har blitt tatt godt i mot, sa Barmen.

Han var også glad for at modøling, Håvar Nygard kunne gå med hovudet heva når han gjester Modalen framover. -Du har aldri gått lei av arkitektane sine endringar og kan være stolt over det de har gjennomført, skrytte Barmen.

Teknisk sjef, Tone Selmer Skuggevik i Modalen kommune kunne heller ikkje denne gongen gøyma seg unna velfortjent skryt frå prosjektleiaren. -Ho har ikkje berre hatt dette prosjektet å håndtere. Men også alle andre oppgåver som ligg til stillinga hennar. Det er ikkje få tellerskritt me har svidd av desse åra, sa han.

Kulturskulen underholdt etter talane. Pernille, Emilie, Bastian Veland og Michelle spelte Beatles monsterhit "Two of us".

Kjersti Wiik song to songer på slutten som kvalifiserte til "gåsehudopplevelse".

Kjetil Eikefet hadde også rolla som kakeservitør. Her til Elias.

Etter taler og musikk var det kake, mingling, noko godt i glaset og god stemning.

Lokalet var fullsatt under åpninga.

Aina Holmås Norvoll og Tonje Husum Aarland koser seg med fingermat og ein halvdårlig vits.

Og enkelte andre koste seg med ei god bok.

Om du ikkje fekk med deg åpninga eller har besøkt Flodmaal ennå, så kan du ta ei virtuell omvisning under.