Offisiell åpning av Dagsturhytta - Olav Nygards bu

Lørdag 11. juni vart Dagsturhytta i Modalen, Olav Nygards bu, offisielt åpna.

Omlag 40 personar hadde tatt turen som tidligare i veka ikkje var tilgodesett med særlig lystige værprognoser. Heldigvis blei det langt bedre enn tidligare meldt.

Modalen kommune hadde satt opp buss frå Mo og oppover dalen, samt fått hjelp av Mo, Heiane og Øvre Helland vellag til rigging av bålpanne med dei lekraste grillpølsene og natursti for ungane.

Ordførar Kjetil Eikefet, som er blitt ein rutinert herremann til å åpna nye bygninger dette året, rosa alle som hadde vore med i arbeidet om å få denne hytta på plass, samt grunneigarane som heile tida hadde vore positive.

Det er to mulige vegar til hytta frå parkeringsplassen ved Steinavatnet. I dag valgte dei fleste å gå ruta på 1,1 km. Turen tek omlag 15 minutter.

Inne ved hytta sto arrangøren klar med bålpanne, natursti og ei fantastisk hytte.

Innvendig er hytta utstyrt med ein hems, sittebenker, bøker, vedovn og ikkje minst ladekabler til mobiltelefon.

Mariann Stien og Ingeborg Børve hadde ansvaret for sikkerheten, både til vanns og til lands.

Med bålpanne, fine folk og stort sett opplett var det ein fin stemning på åpningsdagen.

Ordførar Kjetil Eikefet stod for den offisielle åpningstalen og snorklypping.

Her kan du lese heile talen hans:

Det er kjekt å kunne ønskje alle velkomen til offisiell opning av dagsturhytta Olav Nygard Bu. Det er nokre månader sidan hytta blei tatt i bruk men den ordentlige opninga har me dessverre måtte venta på. Sånn er det når me må gjennom ein pandemi.

Olav Nygard bu er ei av mange hytter i det som kallast dagsturhytteprosjektet. I følge Vestland fylke starta dette som ein litt vill idé i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. No er hyttene blitt mange og dei er blitt kjende landemerke og populære turmål i heile Vestland fylke. Eg håpar at Olav Nygard Bu skal bli godt brukt framover.

Og slik den er plassert, i eit eigentleg lett tilgjengeleg område, både sommar og vinter, og lettare skal det bli, så reknar eg med at målet om at alle skal ha moglegheit til å være fysisk aktive kvar dag, vert litt enklare å oppnå. Eg håpar og reknar med at denne hytta vert eit godt turmål, ein god møteplass og eit bidrag til at folk i alle aldrar kjem seg ut på tur. Men noko av det eg liker best med desse hyttene er faktisk biblioteket. Her er det barnebøker på nynorsk, og litt bøker for dei store barna, som blir omtalt som voksne.

Og bøker og lesing er viktig. Eg har høyrt at leseaktivitetar styrkar både lærings, språk- og sosial kompetanse hjå barn. Lesing og høgtlesing gjer at barn møter ord, begrep og setningar som stimulerar og utviklar språket deira. Dette trur eg og nokre vaksne har bruk for, så eg håpar alle barn vil lesa høgt frå ei bok til dei vaksne når dei er på tur til dagsturhytta.

Men å få slike prosjekt i havn krevar mykje meir arbeid enn eg hadde trudd. Det er mange som har brukt timar, dagar og månader på dette prosjektet. Då er det mange som skal ha si fortjente takk. Det er Vestland fylke, Sparebankstiftelsen, Eviny, Norsk Tipping, entreprenører og arkitekt som har forma denne perla som hytta er. Men dei som verkeleg har fått merka kor mykje jobb det er, det er alle på Teknisk.

Teknisk sjef Tone Selmer Skuggevik har vel vore spydspissen til Modalen i dette prosjektet, og over gjennomsnittet engasjert. Men Kjell Langeland og Njål Bolstad Eidsnes har og fått svinga seg kraftig i periodar. Så har me vaktmeistrane på Teknisk som har stått på, og har stilt opp på kort varsel og fått ting gjennomført på rekordtid. I tillegg har me alle dei som har strikka sitjeunderlag og sokkar, og Mo og Kleivane Vel-lag og Øvre Helland Vel-lag som har gått i kompaniskap og står for mat og aktivitetar. Så skal me heller ikkje gløyme MIL som har gitt oss ei bålpanne i opningsgåve. Tusen takk til alle saman. De har all grunn til å være fornøgd med deko sjøl.

Heilt til slutt, og ikkje minst,  vil eg retta ei ekstra stor takk til grunneigarane i området. Dagfinn Steinsland, Håkon Nåmdal og Reidar Nåmdal. Uten dekas velvilje så hadde ikkje dette prosjektet vore mulig. Frå fyrste sekund så var de positive og imøtekomande. Eg vil berre sei at me er alle svært takknemlige for at de gjorde heile jobben enklare.

Tusen takk.

Og DER var den åpna. Sigrun Dale er vitne.

Vell utført arbeid denne gongen også 👏🏻

Nye bånd blei knytta. Njål Bolstad Eidsnes og Nemi fann fort tonen.

Harald Kjensli og Jannike Surland Våge kokkelerte fram perfekt grilla grillpølser.

Etter at hytta var blitt offisielt åpna, las Hildegunn Dale dikt inne i hytta. Både dikt frå Olav Nygard og si eiga diktsamling.

All æra til dei som frakta denne flotte kaka fram til hytta 😋

Dagsturhytta ligg idyllisk til heilt nere med vatnet.