-Har eg ingenting å tilby får eg heller ingen jobb

Når Espen Helland (29) starta Mofjord Maskin i 2016, var det berre ein hobby med ein liten traktor med hengar og brøyteskjær. No omsetter dei for nesten fire millionar og har sysselsatt over 1% av heile kommunen.

Historia til Mofjord Maskin er ganske lik mange andre oppstartshistorier. Forskjellen er at Espen ikkje kunne starta med berre "to tomme nevar og ein idè"-klisjèen. Han måtte ha noko meir for å kunna tilby dei tjenestene han ønska.

-Det er begrensa kor mange grøfter, plenar, murer eg kunne laga med berre to hender og ein spade, seier han.

Dagleg leiar i Mofjord Maskin AS, Espen Helland

Dagleg leiar i Mofjord Maskin AS, Espen Helland

Mange av maskinene dei har kjøpt har dei derfor ikkje hatt arbeid til når investeringa er gjort.

-Eg har tenkt at dersom eg ikkje har det og det utstyret så kan eg heller ikkje utføre det og det oppdraget, seier Helland.

Dilemma

Espen Helland hadde ein fast og trygg jobb i et anna entreprenørfirma. Men han såg raskt at engasjementet for å jobba for seg sjølv blei stort i takt med at det kom fleire og fleire småjobbar.

-Sambuaren min Ingeborg meinte eg måtte ta et valg om å velga kva eg skulle gjera. Enten gå 100% inn for Mofjord Maskin eller la væra.

Han bestemte seg for at dersom han vann anbudsrunden om å få brøyta alle kommunale vegane i Modalen skulle han gå all in.

-Me vann anbuda og då begynte eventyret, seier han.

Saman med Ole Anders Heimdal (30) endra dei selskapsform til AS i 2018. -Eg masa hol i hovudet på Ole Anders om at me måtte starta et AS ilag. Heldigvis blei han med, seier Espen - som har rolla som dagleg leiar.

Ole Anders Heimdal (30) var med å starta Mofjord Maskin AS. Hørselvernet dekker tydligvis hola i hovudet her.

Ole Anders Heimdal (30) var med å starta Mofjord Maskin AS. Hørselvernet dekker tydligvis hola i hovudet her.

Ole Anders Heimdal driv med kantslått - eller krattknusing, som Espen kaller det - på vegen mot Krossen i Modalen.

-Me gjer vel i grunn det meste me får forespørsel om å gjera. Men det går mest i graving, massetransport, brøyting og lignande, seier Espen Helland.

Her spyler dei ei fjellside for å renske stein.

Dennis Henriksen og Alexander Langeland setter ut brøytestikker før vinteren i hyttefeltet på Krossen.

Bruker lokal arbeidskraft

Selskapet leverer tjenester i Modalen, indre del av Vaksdal og Alver. Espen seier at dei bruker lokale ressursar på alt dei gjer.

-Me er tre fast ansatte, ei som gjer alt papirarbeid og to til på deltid. Felles for alle er at dei bur i Modalen, seier Espen. -Det er veldig viktig for oss å bruke lokal arbeidskraft. Også ved innleigde tjenester bruker me firmaer i Modalen.

Maja Amalie Heimdal holder kontroll på både regnskapet til Mofjord Maskin og Markus på 4 år. Foto: Privat

Maja Amalie Heimdal holder kontroll på både regnskapet til Mofjord Maskin og Markus på 4 år. Foto: Privat

Espen og Ole Anders har investert over fire millionar på maskiner og utstyr sidan oppstarten. Blant anna på denne CAT 950M.

Veldig varierte arbeidsdagar

Livet som gründer og entreprenør er ingen walk in the park. Espen beskriv veldig varierte og lange arbeidsdagar.

-Det er ingen typisk arbeidsdag. Den kan starta alt i frå 06 til 10 om morgen og vara til 13 eller 04 dagen etterpå. Og med fleire ansatte er det også meir å holda styr på, seier han. -Eine dagen kan det være mykje som skjer, folk som lurar på ting, trenger ting også vidare. Mens andre dagar kan væra veldig stille.

Han beskriv også at det kan ta på med lange dagar.

-Det hender stadig vekk at eg må ta meg ein Paracet for å roa hovdaverken når eg kjem heim om kveldane.

-Favoritt oppdraga er i grunn dei oppdraga der det er mykje presisjon og finarbeid. Aller helst viss eg grev ei grøft der eg veit det går høgspentkabler, lavspentkabler, vatn og kloakk og eg må krysse alt saman, helst med å måtte gå under dei uten å ødelegge eller lage hol.

Er optimist på framtida

Den daglige leiaren er veldig optimistisk med tanke på framtida. 2022 har vore et godt år. Både våren, sommaren og høsten har vore travel.

-Eg er jo optimist. Om eg ser fem år framover ser eg for meg 2-3 fleire ansatte, ei 30 tonns gravemaskin, ein 15 tonns og ei 8 tonns maskin. Ein lastebil med hengar og mykje utbygging i Modalen slik at me kan holde det gåande i åresvis, seier Helland.

Blir du rik av dette?

-Eg vert ikkje rik som maskinentreprenør. Eg prøver å ikkje verta rik på berre ein jobb men heller holda ting normalt og levelig for folk me leverer tjenester til. På den måten vert ikkje eg rik og andre vert heller ikkje fattig, og det er mulig å holde ting gåande framover.