
LAN-party med bordservering
VBUKLAN 2022

Gaming er egentlig ein jobb. Det føles i allefall sånn for dei som deltar. Ein gøy jobb. Ein jobb som ein er dedikert til - og som krev full konsentrasjon og innsats for å lykkast. Økonomisk gevinst står kanskje ikkje i stil til innsatsen, men få ting slår dopaminet hjernen frigjer når victory-counteren telles opp og arrangøren kjem og serverer pizza og brus ved pulten.
VBUKLAN er et LAN-party som har blitt arrangert to gonger tidligare i Turbinen på Dale. Arrangøren, Vaksdal Barne og Ungdomskorps, har høsta god erfaring frå dei tidligare arrangementa i 2021 til å kunna spissa arrangementet for ungar opp til 10. klasse denne helga før påske.
-Det går lettare for kvar gong, seier Terje Pedersen, primus motor bak VBUKLAN. -Ting går meir av seg sjølv no når deltakarane er kjent med opplegget og styrer seg sjølv i større grad. Alt kan gjerast frå pulten. Både innsjekk og bestilling av kioskvarer, seier han.
For det som skil VBUKLAN frå andre lan-parties er muligheten til å bestille varer ved pulten og deretter få dette servert.
Terje Pedersen har sjølv utvikla bestillings- og bookingløsninga for eventet, og seier det ligger mykje tid bak dette.
-Det var tre intensive veker med programmering på kveldstid for å lage ei skreddersydd bestillingsløsning for kiosken. Men det fungerer godt, og deltakarane virker å sette pris på det, seier han.
Her får Emil Berntzen Bolstad servert dagens bestilling av Terje Pedersen.
-Det er veldig gøy å være med, seier Emil Berntzen Bolstad (11) frå Stanghelle.
Favorittspelet hans er Elden Ring. Et action-rollespel. Titulert som "et mesterverk" av Gamer.no
-Spennet i denne aldersgruppa gjer at betalingsløsninger kan væra ei utfordring. Ikkje alle har kort eller Vipps. Og for å ikkje styre med kontanter laga me denne løsninga med «klyppekort» som ein kjøper når ein kjem, seier Pedersen.
I tillegg er løsninga slik at deltakarane som har bestilt plass også kan legge inn bestilling av kor ein vil sitte under arrangementet. Deltakarane blir utstyrt med straum og ei superrask Internett-linje.
Kommunikasjonen mellom arrangør og deltakarane foregår muntlig i lokalet samt via Discord. Ei chattetjeneste spesielt designa for gamere.
I tillegg fann ein alltid oppdatert info, program og bestillingstjenesta på ei egen nettside.
I arrangørkomiteen: Terje Pedersen (altmuligmann), Marius Tollefsen (spillhjørnet, live kommentering), Ole Kristian Bonden (Rocket League turnering og konsert), William Helle Hestad (League of Legends turnering), Tobias Lie Andersen (nettverk, rigging, rydding og kiosk), Renate Knutsen Molund (kiosk), Sissel Gjermo Eriksen (kiosk) og Hege Alette Eilertsen (innkjøp).


Program
Det er også viktig å ha nokre felles aktiviteter for alle deltakarane. Og i år var det satt opp byggekonkurranse i Minecraft og Rocket League og League of Legends-turnering. I tillegg var Nese Media hyra inn til å holde kurs i streaming for alle sammen på søndagen.
Ein ekte gaming-rigg
Martine og Mathilde (begge snart 10 år frå Stanghelle) deltok i Minecraft byggekonkurransen.
Begge to lagde ein Dyrepark og var veldig spente på om dei kunne nå til topps i Minecraft-konkurransen.
-Alt er mogeleg
Det blei sendt inn mange flotte bidrag i Minecraft-konkurransen, der oppgåva var å designe ein «spektakulær turistattraksjon» for Vaksdal kommune.
Oppgåva kom i stand etter samtaler med blant anna ordførar Hege Eide Vik, seier Terje Pedersen.
-Det er veldig spennande å få fram borna sine idèar. Dei har eit anna blikk og er kanskje mindre begrensa i tankegangen enn me vaksne -som ofte tenkjer på vanskane med ulike prosjekt i det me får dei presentert, seier ordførar i Vaksdal kommune, Hege Eide Vik.
Vinnarane Lauritz og Magnus tok dette fult ut og lagde «Vaksdal Dyrepark». Ein park med både pandabjørner, ulike akvarier, innramma av ei spektakulær berg-og dalbane.
-Alt er mogeleg, og jobbar ein langsiktig og samlar seg om ein idé kan ein absolutt lukkast, seier Hege Eide Vik på spørsmål om ho har trua på at dette ein gong kan realiserast i Vaksdal kommune.
Frivillighet og støtte
Heile arrangementet er organisert på frivillig basis. Med støtte frå Bygdamidlene til Vaksdal kommune, Sparebanken Vest og Fana Sparebank klarer ein dekke utgiftene. I tillegg er leiga av Turbinen gratis for frivillige organisasjoner.
Neste VBUKLAN er planlagt ved inngangen av høstferien 2022. Då står blant anna musikkprogrammering på programmet.
Disclaimer: Nese Media blei betalt for å holde kurs i livestreaming under arrangementet.