Fiss, ciss, giss og a-dur?

Årets julesong frå Nese Media er klar

Denne høsten har me tatt opp igjen tråden etter suksessen med "Fager er jordi"- som me gav ut i desember 2020.

Årets låt er ei nyinnspeling av "O helga natt", i samme stil som "Fager er jordi".

Det vil sei ein variant som er litt rocka, men som samtidig har bevart alle kjente og kjære element songen består av.

Utfordringa med denne songen var at det ikkje var nokre maler me kunne kopiere, men der dei musikalske genia i det nøye håndplukka bandet måtte opp et nivå for å knekka koden på korleis songen skulle bli slik underteikna ønska.

I studio: Her går Øyvind Flatekval (gitar) og Ole Christian Tøsse (bass) gjennom akkorder som skal brukast i sangen.

Kaffi er viktig når ein baler med fiss, giss og ciss

Daniel Hauge i Lydetaten i Knarvik er ein musikalsk kunstnar som har stålkontroll på alle lydar, teknikkar, timing, toneartar og komposisjon.

Songen er tilgjengelig der du høyrer musikk.

SÃ¥, kva kan du forvente?

Det er ein versjon som bygger seg opp frå det heilt enkle. Der stemma til Hege Eide Vik er i fokus. Deretter kjem eit mellomparti som vil få håra på kroppen din til å reise seg. Vik si stemme bærer songen med ein vokalprestasjon som ville fått Jussi Bjørling til å applaudere. Alt dette før den store finalen som garantert vil legge press på tårekanalane dine i rein eufori.

Verken meir eller mindre.

Ingenting å sei på humøret i studio

Simon Flatekval briljerer blant anna med paukekøller på trommene.

Øyvind Flatekval og Ole Christian gjer siste finsjekk i valg av fiss, ciss og giss.

Songen kjem sjølvsagt også med ein musikkvideo. Den gleder me oss til å vise fram.

Takka væra gode støttespelarar i Uni Micro, Arkoconsult, Wergeland Group og Roma Bygg har det vore mulig å gjere denne innspelinga. Tusen takk til dei for bidraget.

Det er delt ut 8000,- til gode formål frå overskuddet av denne produksjonen.

Item 1 of 6