Bak stengte dører

Kva skjer med folk som har vore både innestengt og utestengt i tre år?

Endelig er det klart for Modalsrevyen igjen. 22. oktober skal tre år med både innestenging og utestenging blåsast ut gjennom to framsyningar i Bryggjeslottet i Modalen.

Billetter kan du bestille her. Velg kva framsyning du vil bestille til.

Du kan også kjøpe billetter med Vipps i butikkane i Modalen.

Leiar i Revylaget, Siv Aina Gullbrå er veldig begeistra for det dei har å visa fram i år og lover mykje kjent stoff.

-Me fått med oss nokon nye fjes både på scena og blant musikarane. Det vil vera noko for ein kvar smak både på det musikalske og på det teatralske, seier ho.

-Me har prøvd å ha emner som alle kan kjenna seg att i, ein treng ikkje lokalkunnskap om Modalen for å finna noko å dra på smilebåndet for.
Siv Aina Gullbrå
-Det kjennes veldig godt å få spela revy igjen. Me var redd det skulle verta restriksjonar igjen, men denne gongen gjekk det bra.
Siv Aina Gullbrå
-Ingen skal vera redde for å verta parodiert. Om me tar deg med i eit innslag er det kun godt meint.
Siv Aina Gullbrå

Kjøp billetter her

Kvifor skal Ove inn til rektoren på Mo skule?

Denne gjengen skal visa fram all galskapen dei har planlagt sidan 2020.

Kjetil studerer ein av Oddbjørns "mester-sketsj-skisser"

Revylaget har som vanlig fått med seg proffe aktørar på både bilde, lyd, lys og musikk.

-Me vert meir og meir samkjørte som revylag og når me har proffe musikarar, lys og lydfolk må dette verta bra, seier leiaren for revyen.

Revyen vert også tatt opp, slik at ein også kan sjå heile revyen i etterkant fortel Siv Aina.

-Me har eit godt samarbeid med Nese Media som tar opp lyd og bilde under framsyningane og lagar ein film som kan kjøpast seinare.

Titt titt

Titt titt

Kva forventningar har du til denne revyen målt mot tidligare erfaringar?

-Den siste er alltid den beste og me meiner at me har veldig mykje bra å visa fram denne gongen òg. Me gledar oss og det skal verta veldig kjekt å få spela framfor publikum igjen! Håpar mange tek turen til Bryggjeslottet vårt, avsluttar Gullbrå.