Var i USA - og booka seg tur på Slottet i Modalen

Korleis er det å være turist i Modalen?

Sidan 8. mai har iModalen og Norway Mountain Guides arrangert turer til Slottet kvar onsdag og lørdag. I dag var me så heldige å få væra med Frank Barmen i Norway Mountain Guides og gjestene hans opp til Slottet.

Opplegget er såre enkelt: Ein booker tur gjennom Rødne sine nettsider, hopper på ein båt, går i land på Mo og kjører ein liten tur forbi hålet i vegen ved Klubben (et stadnavn underteikna har lært i år) og parkerer ved stien opp til Slottet. Deretter går ein saman ut til Slottet i rolig tempo tilpassa følget og stopper litt underveis for ein pust i bakken, litt info og hygge.

Rødne sin "Rygertroll" kjører frå Bergen kl 10.00 og er framme i Modalen ca 11.30. Her passerer båten dagens turmål, Slottet oppe til høgre.

Dei som har bestilt både Fjordcruise & Guidet fjelltur til Slottet går av båten på Mo.

I dag har Frank Barmen gleda av å guida tre amerikanske damer opp til Slottet.

Dei tre amerikanske damene har booka turen sin gjennom Rødne sine nettsider og turistinformasjonen i Bergen.

- Eg fekk lyst til å oppleve kombinasjonen av båt og fjell, seier Tammy Plauche frå Florida. Ho er i Norge nokre månader, med base på Østlandet. Ho bestilte turen sin gjennom turistinformasjonen i Bergen.

Dei to andre, mor og dåtter Grace og Annie Kwan har reist til Bergen frå Seattle og Texas. Dåttera Annie drog med seg mora på tur. - Eg kjente ein i Sverige som anbefalte denne turen, seier Annie. -Eg satt på nett heime i Seattle og booka turen gjennom nettsidene til Rødne, fortel ho. Ingen av dei har vore i Norge tidligare.

Turen opp til Slottet går gjennom et slakt terreng. Ingen lange, tunge motbakker. Men "ujevnt" og sakte oppover.

Den eminente guiden i Norway Mountain Guides/iModalen har mykje kunnskap. Også om norsk flora. Her med ein eller an blomst som underteikna ikkje heilt fekk med seg (høyrer dårlig på lang avstand) kva heite. Men det skal visstnok være mulig å navigere etter denne blomsten basert på kor den veks.

Google it.

Midtveis er det ein naturlig stasjon for forfriskninger. Både innvendig og utvendig.

Grace Kwan nyter både naturen og turen.

Etter pausen endrer terrenget seg litt. Det blir litt meir åpent samtidig som myra liker å markere seg.

Både Annie og Grace Kwan angrer litt på skovalget til turen. Men det går greit. Alle knipser litt bilder underveis.

Maurtuer skal ein ikkje kjimsa av.

Ferden går vidare oppover. Her kan ein skimte deler av Mo i bakgrunn.

Når ein nærmer seg toppen finst det et utsiktspunkt mot Slottet. Her er det obligatorisk med bilder. Men scroll litt til.

Slottet i profil med seglbåt på fjorden. Kor er min "Nordic Award"?

Men bilder av glade mennesker er egentlig dei beste. Også med seglbåt i bakgrunn.

Frank Barmen kjem med den siste informasjonen før ein tar fatt på siste etappe - mot toppen.

På toppen av Slottet er det 200 meter rett ner i asfalten. Det er derfor viktig å holde seg på trygg avstand til kanten.

Men kvifor heiter det Slottet?

Det er nok på grunn av formasjonen til fjellet. Det ser rett og slett ut som et godt gammaldags slott. Frå middelalderen.

Dette hadde nok underteikna svart heilt presist og rett på hadde han holdt seg meir i nærheten av guiden. Men sidan det er litt flaut å avsløre kunnskapsmangel når Slottet ligger et par solide steinkast frå stovevinduet, var det mest behagelig å holde seg litt i både bak og forgrunn.

På toppen var det tid for ein god pause. Her drog Frank Barmen fram gull frå ryggsekken og serverte mat frå Heimalaga mat frå Pøylo.

Frå Slottet kan ein faktisk sjå heilt til Mo. I allefall om ein legg godviljen til og ikkje heng seg alt for mykje opp i kva ting heiter.

Smil og vink!

Tammy Plauche frå Florida er faktisk yoga-instruktør.

Annie Kwan er til daglig tannlege i Seattle. I dag var ho turist og fotograf i Modalen.

På tide å vende snuten heimover. Opplegget er slik at Rødne-båten har to avganger frå Bergen.

Dei som er med på guida fjelltur kjem med den første båten og returnerer med den andre avgangen kl 15.30 frå Mo. Tommel opp! 👍🏻

Good times!

Tilbake på Mo var turistane facinerte av Mo. Kor fint og rolig det var. Dei var svært interessert i å vita meir om Modalen, antall innbyggjara, kva ein jobba med, gårdsdrift og tjenestetilbud.

Underteikna kunne avsløre at alt er på stell - bortsett fra at me mangler tannlege - og såg bort på Annie Kwan. Tannlegen.

Er du frista til å prøve denne turen eller bli tannlege i Modalen?