2022 - oppsummert i bilder

Et utvalg av bilder frå året til Nese Media

2022 var et bra år for Nese Media. Det var første heile driftsår sidan den rolige og tilbakelente oppstarten i 2017.

Dette er ei oppsummering av ulike aktiviteter me har vore med på gjennom året. Og satser på at det blir like bra i 2023.

Godt nyttår!

Modalen kommune sitt nye kommunehus, Flodmaal blei offisielt åpna i mai. Huset kan du besøke her.

I Sløvåg har Wergeland Group lagt til rette for at Equinor har kunna sett saman vindmøller til Hywind Tampen prosjektet.

Veteranbåttreffet i Modalen trakk mykje folk til kaien. Det kan du lesa meir om her.

Modalsrevyen var endelig tilbake etter pandemien. Her øver bandet og skodespelarane til dei to framsyningane dei hadde ein oktoberkveld. Du kan sjå revyen her.

Tar sjølvsagt med et bilde frå verdens finaste plass. Nese.

Alltid kjekt med bilder av ein foss. Her er Hesjedalsfossen mellom Eidslandet og Stamnes i Vaksdal kommune.

I 2022 leverte me nye nettsider til fleire aktører. Blant anna imodalen.no

På Dale skal dei få seg nytt klubbhus. Det blir spennande å sjå korleis det nye vil sjå ut. Det gamle har me dokumentert i løpet av året.

Rett før jul gjekk denne gjengen i studio og spelte inn ein ny versjon av O Helga Natt.

Me var med å streama og filma fleire bryllup i løpet av sommaren 2022. Her er ein film frå Sotra/Bergen der Anita og Ole gifta seg.

Me var med å streama og filma fleire bryllup i løpet av sommaren 2022. Her er ein film frå Sotra/Bergen der Anita og Ole gifta seg.

17. mai i Modalen med den obligatoriske runden rundt nullen i 17. mai-tog.

I desember blei boka "Føriverda" lansert. Her frå lanseringsfesten på biblioteket i Modalen. Inga Jorunn Nåmdal, Kjell Øvre Helland og Bjørg Øvre-Helland signerer bøker til leselystne kjøparar.

Fruen liker Hardangervidda. Og på veg heim frå et bryllup som me filma i Drøbak fekk ho omsider nyta landskapet på ein solskinnsdag.

På vei ned frå fjellet låg dette cruiseskipet til kai i Eidfjord.

Nissen heiter ikkje "Julklappmannen" på svensk. Men kva heiter den på tysk? Her frå romjulsquizen.

Nese Media har også gjort fleire frilansoppdrag, blant anna for Schibsted der me leverte tekst, video og bilder.

Til neste års sauesanking har me også sikra oss et verktøy som gjer at ein lettare kan finna dyr i fjellet.

Uansett kor store tankar ein gjer seg på forhånd på et prosjekt, er det faktisk mulig å få det til når ein har folk som gir av seg sjølv og stiller opp. Her speler Gro Henny Mo og Kjetil Eikefet seg sjølv i ein film.

Mariell stiller alltid opp når ein skal teste innstillingene på kameraet.

Godt nyttår!